Glosestafett

Ein glosestafett der fleire lag konkurrerer om å omsetje gloser på tavla.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren fyller tavla med forskjellige ord og uttrykk på målspråket og på norsk.
  • Klassen blir delt inn i to til fire grupper som samlar seg på rekkje og rad framfor tavla.
  • Læraren vel eit ord som står på tavla, og seier omsetjinga eller gir ein definisjon av ordet.
  • Elevane som står på første rad, skal springe til tavla og ta på det rette ordet før dei andre. Kvar elev har berre eitt forsøk, så det kan vere lurt å tenkje seg om og eventuelt be om råd i gruppa.
  • Læraren noterer eitt poeng for gruppa som tek på det rette ordet først.
  • Eleven som fekk poenget, vel neste ord og seier omsetjinga høgt for elevane på neste rad, mens elevane som har svart, stiller seg bakarst i køen i gruppa si.
  • Slik held stafetten fram til alle elevane har vore oppe på tavla. Laget som har fått flest poeng, vinn.

        

Publisert 27. jan. 2020 14:03 - Sist endret 15. des. 2020 14:37