Ett ord - fire hint

Elevene skal gjette så mange ord som mulig på to minutter. De får maks fire hint per ord.

Tidsbruk

15 - 20 minutter

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler elevane inn i grupper på fire.
  • Elevane skriv (kvar for seg) eit ord på målspråket øvst på ein lapp. Nedanfor ordet skriv eleven fire stikkord som beskriv det valde ordet. Kvar elev bør lage minst fem lappar. Det er viktig at klassen kjenner orda.
  • Læraren samlar inn lappane og fordeler dei på gruppene, slik at kvar gruppe har ein bunke med lappar. Bunken skal plasserast opp ned midt på bordet.
  • Kvar gruppe blir delt inn i to lag, og elevane speler to mot to. Kvart lag får to minutt på seg til å gjette så mange ord som mogleg. Lag A begynner. Den eine eleven trekkjer ein lapp og les opp stikkorda, og den andre eleven gjettar kva for eit ord det er snakk om. Det er lov å lage setningar med stikkorda, men det er ikkje lov å bruke ordet som skal gjettast. Når den eine eleven har gjetta, byter dei to elevane roller. Etter to minutt er det lag B sin tur.
  • Laga får eitt poeng per ord. Dei kan seie «pass», men då får dei eit minuspoeng
Publisert 27. jan. 2020 16:03 - Sist endret 15. des. 2020 14:30