Eg ser noko du ikkje ser ...

Elevene konkurrerer om å skrive ned så mange unike ord som mulig knyttet til et kjent tema.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren ber elevane om å tenkje på ein gjenstand i eller utanfor klasserommet.
  • Elevane skriv ned ordet på ein lapp (på målspråket) og brettar lappen saman slik at ingen andre kan sjå det.
  • Ein av elevane startar. Ho/han begynner med å gi eit hint, til dømes: «Eg ser noko du ikkje ser, og det er knallgult!».
  • Dei andre elevane stiller ja/nei-spørsmål etter tur.
  • Når ein elev har gjetta rett, er det hennar/hans tur til å tenkje på ein gjenstand.

Tilpasning

I staden for å tenkje på konkrete gjenstandar kan elevane tenkje på eit abstrakt omgrep, eit bursdagsønske, ein bestemt forfattar eller liknande. Elevane kan gjerne vere med på å bestemme kva type ord det skal gjettast på.

For å utfordre elevane ekstra kan ein òg snu på leiken: Ein elev får ein lapp med eit bestemt ord på panna. Ho/han må stille spørsmål til resten av klassen heilt til ho/han har funne ut kva ord det dreier seg om.

Publisert 27. jan. 2020 15:06 - Sist endret 6. jan. 2021 08:04