Dobbelt opp

I dette spelet, som er inspirert av kortspelet Dobble, skal elevane kjenne igjen orda som dukkar opp to gonger, uavhengig av form og farge.

Tidsbruk

15–30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel ut 18 ord på målspråket som elevane skal lære eller har behov for å repetere, og skriv dei opp på tavla.
  • Elevane skriv ned ti av desse orda på eit ark. Dei skriv orda i forskjellige fargar, storleikar og retningar. Kvar elev fyller ut minst fem ark med ti ord.
  • Elevane går saman i grupper på fire. Dei samlar arka sine, blandar dei og legg dei i ein bunke.
  • Kvar elev får utdelt eit av arka frå bunken og legg det framfor seg på bordet.
  • Elevane snur etter tur det øvste arket i bunken og legg det i midten. Målet for kvar elev er å vere den første til å finne eit ord som står både på sitt eige ark og på arket i midten. Ordet blir sagt høgt, og eleven må vise kvar det er, på begge arka. Eleven som svarer først, får arket i midten og legg det øvst i bunken sin.
  • Spelet held fram til alle arka er tekne. Eleven med flest ark framfor seg på slutten av spelet vinn.
Publisert 10. des. 2020 16:40 - Sist endret 15. des. 2020 14:32