Cowboyduellen

Elevane duellerer som cowboyar og samlar poeng ved å omsetje ord eller frasar så raskt som mogleg.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen og læraren finn fram til ord og uttrykk på målspråket som er knytte til eit bestemt tema, og læraren skriv dei på tavla.
  • Kvar elev skriv ned fem av orda på fem forskjellige ark med omsetjing på baksida.
  • Elevane finn ein duellant, og duellantane står inntil kvarandre rygg mot rygg. Begge held eit av dei fem arka opp framfor seg med det norske ordet på framsida. Dei tek tre skritt frå kvarandre samtidig som dei tel ned – «Tre, to, éin!» – på målspråket. Deretter snur dei seg så raskt dei kan, og omset ordet på motstandaren sitt ark høgt.
  • Eleven som seier ordet først, får arket til motstandaren. Elevane finn ein ny motspelar, og duellen begynner på nytt.
  • Når tida er ute, stoppar læraren aktiviteten. Eleven med flest ark vinn.

Tilpasning:

Lærar kan forberede ord/uttrykk som passer til tema. Ord kan byttast ut med bilete.

Publisert 28. jan. 2020 09:36 - Sist endret 15. des. 2020 14:29