Alfabetet

Ein gruppeaktivitet der elevane skal skrive ned temabaserte gloser i alfabetisk rekkjefølgje.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane blir delte inn i mindre grupper.
  • Læraren foreslår eit tema, og klassen vel ein bokstav i alfabetet som startpunkt.
  • Deretter er oppgåva å skrive ned gloser som kan knytast til temaet, i alfabetisk rekkjefølgje. Dersom temaet er jul og klassen har valt a som startpunkt, kan til dømes dei to første orda vere advent og barn. Elevane kan hoppe over vanskelege bokstavar.
  • Kvart ord skal vere grunngitt med ei setning om kvifor det er relevant for temaet. Til dømes: «Advent er tida før jul» og «Alle barn elskar jula».
  • Klassen går gjennom svara i plenum. Tilpassing: Etter at aktiviteten er ferdig, kan orda danne utgangspunkt for lengre skriftlege, individuelle tekstar.
Publisert 11. des. 2020 06:59 - Sist endret 15. des. 2020 15:24