Innføring i katakana

Trinn: Nivå I. Tema: Elevane lærer seg å skrive og lese katakana-alfabetet. Tid: Sju til åtte skuletimar.

Kort beskrivning

Elevane set seg inn i katakana-alfabetet på sju til åtte skuletimar. Dei lærer å lese, skrive og bruke katakana-teikna i ulike samanhengar og får kunnskap om variasjonar innanfor ulike fontar o.a. Øvingar skjer ved hjelp av ei rekkje ulike aktivitetar, inkludert spel.

Kompetansemål

  • Bruke alfabetet og teikna i språket
  • Bruke digitale verktøy og andre hjelpemiddel
  • Utnytte eigne erfaringar med språklæring i læring av det nye språket

Læringsmål

Elevane skal kunne lese og skrive katakana.

Ressursar

  • apanese for Busy People Kana Workbook
  • Katakana-kort
  • Katakana-øvingsark
  • Katakana-spel
  • Katakana-øvingar på nettsida Marugoto Plus 

Førbuingar

Læraren lagar katakana-øvingsark der elevane øver på å skrive teikna pent og med rett rekkjefølgje på strekane.

Plan for opplegget

  1. Læraren forklarer kort korleis ein bruker katakana.
  2. Innføring i katakana på sju til åtte skuletimar. I kvar time tek klassen for seg ti katakana + variantane deira med lydforandringar via teiknsetjing. Undervegs viser og forklarer læraren
    • korleis teikna kan sjå ulike ut i ulike fontar
    • korleis ein skriv teikna på PC
    • kva rekkjefølgje ein skal skrive strekane i
  3. Elevane øver seg på å skrive katakana ved hjelp av katakana-ark.
  4. Elevane øver seg på å lese katakana ved hjelp av flash cards o.l., anten i fysisk form eller på nettet (til dømes på nettsida Marugoto Plus). Elevane speler «karuta» eller liknande kortspel med katakana-kort.

Refleksjon og vurdering

Kvar time startar med ein miniprøve i katakana-teikna som elevane lærte sist time. Det er viktig at læraren gjer dette for å kunne følgje progresjonen til alle elevane tett når dei lærer teikna.

Elevane held ein presentasjon om kva dei har lært om bruken av katakana.

Oppfølging

  • Øvingar med å skrive katakana på PC
  • Introduksjon til nye nettsider og appar som elevane kan bruke til å øve på katakana-teikn.

Idé og utarbeidelse

Miyuki Tsuruta-Pedersen, © Fremmedspråksenteret

Publisert 24. jan. 2020 17:46 - Sist endret 25. jan. 2021 10:23