Skrive mikrotekstar

Elevane bruker modelltekstar til å bli kjende med teksttypen mikrotekst og skrive eigne seksordsnoveller, twitternoveller, haiku- eller mikrodikt.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren presenterer ulike typar eksempeltekstar, og alle går gjennom kjenneteikna saman.
  • Elevane set seg deretter i par eller kvar for seg og skriv sine forslag til mikrotekstar. Tema for mikrotekstane kan avtalast på førehand. Her kan elevane velje om dei vil skrive seksordsnovelle, twitternovelle, haiku- eller mikrodikt.

Tilpassing

Elevane kan òg utfordrast på at alle skriv om det same temaet, men med ulik lengd, til dømes frå 6 ord til 140 eller 280 teikn. Etterpå kan tekstene samanliknast og tolkast i fellesskap. Kva har lengda å seie for ordvalet og korleis dei ulike tekstane blir tolka og forstått

Publisert 1. okt. 2020 10:33 - Sist endret 14. okt. 2020 10:21