Omvend adjektivforteljing

Elevane plukkar ei historie frå kvarandre ved å erstatte adjektiva.

Tidsbruk

 45–60 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane jobbar individuelt eller i par. Dei får 10–15 minutt til å skrive ei kort skildring av ein person eller ein stad.
  • Deretter sender dei teksten til neste gruppe i rommet. Gruppa får så beskjed om å skrive av teksten, men å fjerne alle adjektiv og setje inn eit tomrom. Denne nye teksten viser dei til læraren, som sjekkar at han er rett. Så sender dei teksten til neste gruppe, som må gi att originalen så godt dei kan ved å setje inn passande adjektiv.
  • Til slutt roterer teksten tilbake til utgangspunktet, og original og kopi kan lesast opp i klasserommet og samanliknast.
Publisert 1. okt. 2020 11:10 - Sist endret 14. okt. 2020 10:25