Framtidsdikt

Korleis ser elevane på framtida? Elevane skal gi uttrykk for framtidsførestillingane sine ved å fylle ut ein enkel mal på målspråket samtidig som dei øver på enkle ordklassar.

Tidsbruk

15 - 30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren skriv malen på målspråket på tavla.
  • Elevane kopierer malen og skriv eit verb, substantiv eller adjektiv der det passar best.
  • Dikta kan lesast opp høgt. Klassen kan eventuelt snakke om kvarandre sine dikt.

Tilpassing

Tipset opnar for at ein kan endre subjektet ved å kopiere svara til medelevar, par eller grupper og skrive dei om i rett person. Elevar som vil, kan skrive framtidsdikt utan mal og bruke meir komplekse setningsstrukturar.

Publisert 1. okt. 2020 10:32 - Sist endret 14. okt. 2020 12:42