Brettspel

Elevane omset eit brettspel.

Tidsbruk

60–120 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Læraren tek med fleire passande brettspel. Klassen deler seg inn i par eller mindre grupper. Para og gruppene får utdelt eitt brettspel kvar og må omsetje spelkort og eventuelt instruksjonar frå norsk til målspråket. Forslag til spel er Monopol, Alias eller andre brettspel som er meir eller mindre tekstbaserte.
  • Når omsetjingane er ferdige, kan elevane spele spela med kvarandre på målspråket. • I nokre spel vil det vere naturleg å tilpasse brikker, kort, tema eller geografi til målspråkområda.

Tilpassing

Aktiviteten kan gjennomførast som eit større prosjekt der klassen blir delt i fleire grupper og samarbeider om ei grundig omsetjing av eitt brettspel. Kvar gruppe har då ansvar for ein bestemt del (reglar, kort, instruksar med meir).

 
 
 
Publisert 29. sep. 2020 08:14 - Sist endret 14. okt. 2020 10:23