Anonym rådgiving

Elevane stiller og svarer på anonyme spørsmål om relevante tema.

Tidsbruk

15–30 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Kvar elev skriv eit personleg spørsmål på ein lapp, gjerne basert på tema som klassen har jobba med, om alt frå hobbyar til språklæring.
  • Læraren samlar inn lappane, les raskt gjennom dei og fjernar eventuelle upassande spørsmål.
  • Klassen deler seg i mindre grupper som får utdelt minst to spørsmål. Det skal svarast skriftleg på alle spørsmåla.
  • Gruppene les høgt opp spørsmåla og svara sine i klassen.
Publisert 1. okt. 2020 10:51 - Sist endret 14. okt. 2020 10:22