Våre 15 ord

Elevane foreslår 15 ord knytte til eit kjent tema som dei etterpå skal bruke til å skrive ein samanhengande tekst på målspråket. Sidan elevane sjølve har valt orda, kan det vere enklare for dei å skrive ein samanhengande tekst om temaet. Elevane kan jobbe individuelt, i par eller i små grupper.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren skriv på tavla eit tema som klassen held på med, eller som er kjent for elevane.
  • Til saman skal klassen velje 15 ord knytte til temaet. Desse 15 orda er delte inn i ulike kategoriar, til dømes substantiv, adjektiv og verb. Klassen og læraren kan gjerne fastsetje kriteria i fellesskap og bli einige om alle orda.
  • Deretter får elevane i oppdrag å skrive ein samanhengande tekst på målspråket. Dette gjer dei individuelt. Alle dei 15 orda må brukast i teksten.

Tilpassing

  • Læraren kan tilpasse oppgåva ved å foreslå ulike alternativ som er meir eller mindre kreative eller meir eller mindre opne. Eksempelvis kan utgangpunktet vere berre éin tittel eller ei meir konkret problemstilling.
Publisert 1. okt. 2020 08:29 - Sist endret 14. okt. 2020 12:37