Tidskapselen

Elevane dokumenterer språkferdigheitene sine og reflekterer over eiga språklæring ved å skrive ein tekst til sitt framtidige eg på målspråket. Tekstane blir oppbevarte i eit bestemt tidsrom, heilt til ein ønskjer å lese dei på nytt. Elevane får så i oppdrag å skrive ein ny tekst basert på det same temaet. Elevane ser og vurderer sin eigen progresjon ved å samanlikne den nye versjonen med den opphavlege.

Tidsbruk

45–60 minutt.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren introduserer tanken bak opplegget: Tidskapselen er ein lukka gjenstand (eske, kiste, konvolutt eller liknande) der ein oppbevarer tekstar for at dei skal kunne takast fram seinare.
  • Elevane kan skrive ein kort tekst om eit gitt tema. Elevane kan òg skrive ei vurdering av si eiga språklæring og sitt eige språklege nivå, sine eigne ambisjonar og kor flinke dei trur dei kjem til å vere når dei opnar tidskapselen.
  • Når tidskapselen skal takast fram igjen seinare i skuleåret, må elevane rette opp eventuelle feil som dei finn. Deretter kan dei halde fram med teksten.

Tilpassing 

Elevane kan òg skrive eit brev og «sende det tilbake i tida», altså eit brev til sitt gamle eg. Her kan dei fortelje om kva dei har lært og gjort i tida som har gått, og kva dei synest om språkferdigheitene til sitt gamle eg.

Publisert 1. okt. 2020 08:10 - Sist endret 14. okt. 2020 12:30