Min blogg

Dette er eit skriveprosjekt som går over lengre tid der elevane skriv om seg sjølve i ein blogg. Elevane arbeider med tema, ord og omgrep og samlar tekstar om tema som dei skal meistre (familie, interesser og anna). Bloggen opnar for å sjå progresjon i faget, og etter kvart som elevane lærer nye ord, omgrep og språklege strukturar, kan dei gå tilbake til tema dei har arbeidd med før, og eventuelt rette på språket og byggje på med ny kunnskap. Prosjektet er digitalt og kan til dømes innehalde bilete av elevane, avatarar, videoar, songar og anna. Bloggane til elevane kan vere opne eller lukka.

Tidsbruk

45–60 minutt, fleire månader eller eitt eller fleire skuleår.

Forslag til gjennomføring

  • Prosjektet startar med å opprette ein blogg eller liknande. Elevane kan gjerne lage sin eigen avatar eller illustrere på andre måtar for å sleppe å laste opp eigne bilete.
  • Bloggen skal bestå av ulike tema som fokuserer på kva elevane jobbar med i faget (personlege opplysningar, presentasjon av familien, hobbyar og interesser, yndlingsmusikk, beskriving av ein person ein liker, eller anna).
  • I samband med feiringar/høgtider ein jobbar med i faget, kan elevane forklare skriftleg korleis dei opplever desse (til dømes påske, jul eller karneval).
  • Der det er relevant, kan elevane laste opp (eigne) videoar, bilete, songar og liknande. Her er det viktig å utforske og tenkje kritisk over bruk av kjelder og opphavsrett.
Publisert 1. okt. 2020 08:12 - Sist endret 14. okt. 2020 12:30