Kvitteringsidentitet

Ein kassalapp fortel noko om kva som blei kjøpt kvar og når. Kunden er derimot ute av biletet. Elevane kan dikte opp kunden og beskrive til dømes levesett og vanar. Med utgangspunkt i kvitteringa kan elevane sleppe fantasien laus samtidig som dei hentar ut kunnskap om prisar og eventuelt generelle vanar og levevilkår i målspråkområda.

Tidsbruk

45–60 minutt.

Forslag til gjennomføring 

  • Læraren tek med éin eller fleire kassalappar på målspråket.
  • Elevane jobbar i par. Para får ein kassalapp som skal vere utgangspunkt for å dikte opp ein person dei skal beskrive. Punkta elevane bør ha med, kan vere kjønn, alder, sivilstand, yrke, innkjøpte produkt og grunnen til innkjøpet.
  • Ferdigskrivne tekstar kan lesast høgt i klassen og diskuterast.
  • Tilpassing: Elevar som vil det, kan utdjupe beskrivinga og skrive om levesettet til personen og fortelje om resten av dagen hans eller hennar.
Publisert 1. okt. 2020 08:14 - Sist endret 14. okt. 2020 12:32