Kjendisintervju

I denne aktiviteten tek elevane på seg rolla som journalist og kjendis. Målet er å skrive ein artikkel i eit vekeblad (eller eit innlegg på ein kjendisblogg).

Tidsbruk

90–120 minutt.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane deler seg inn i par. Dei vel sjølve kva for kjendis som skal intervjuast, og kva for vekeblad (eller blogg) intervjuet skal publiserast i. Kjendisen må vere frå målspråkområda.
  • I neste skritt må elevane formulere spørsmål til intervjuet og setje seg inn i livet til kjendisen. Elevane bestemmer sjølve kva intervjuet skal handle om. Elevane kan gjerne la seg inspirere av vekeblad som læraren har teke med (eller av bloggar dei finn fram til sjølve).
  • Når spørsmåla er klare, går den eine eleven inn i rolla som journalist, den andre i kjendisrolla. Sjølve intervjuet gjer dei munnleg i første og andre person (eventuelt med høfleg tiltaleform), og journalisten noterer i stikkordsform kva kjendisen svarer. Deretter reinskriv begge elevane intervjuet saman i tredje person.
  • Elevane leverer intervjua inn til læraren eller hengjer dei opp i klassen.
Publisert 1. okt. 2020 08:22 - Sist endret 14. okt. 2020 12:33