Kast terningen og skriv

Elevane jobbar i par eller små grupper med å skrive ei historie basert på ulike kategoriar innhald som dei bestemmer med terningkast. Læraren eller heile klassen kan velje innhaldet på førehand.

Tidsbruk

45–60 minutt.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar ein tabell med fem kolonnar og sju rader på tavla (sjå illustrasjonen nedanfor). Kvar kolonne inneheld til dømes ein historiefigur, ein stad, ei hending og ein gjenstand. Radene viser auga på terningen (frå 1 til 6). Lærar og elevar fyller ut malen saman.
  • Klassen deler seg inn i par eller små grupper. Kvar gruppe får éin terning.
  • Elevane kastar terningen og vel minst eitt element frå rada for å skrive ein tekst. Dei kastar etter tur og må prøve å skrive ein samanhengande tekst.
  • Ferdigskrivne historier kan lesast høgt i klassen.

Tilpassing

På høgare nivå kan elevane skrive historia i fortid. Dersom dei ikkje ønskjer å jobbe med eventyr/forteljingar, er det berre å byte på innhaldet i kolonnane (til dømes person/yrke, hending/problem, stad).

Publisert 1. okt. 2020 08:20 - Sist endret 14. okt. 2020 12:32