Eit brev til mitt yngre eg

I denne aktiviteten blir elevane oppfordra til å bruke framtidsformer for å skrive eit brev til sitt yngre eg om dei viktigaste hendingane som dei kjem til å oppleve fram til dagen i dag.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Elevane går tilbake i tid til barndommen sin og skriv nokre stikkord om dei viktigaste tinga dei hugsar som dei har opplevd fram til i dag.
  • Deretter skriv dei ein samanhengande tekst til sitt yngre eg ved å bruke framtidsformer (til dømes «Kjære Martin, du kjem til å lære å sykle når du er seks år. Ein dag kjem du til å falle veldig stygt …»).
  • Dei ferdigskrivne tekstane kan eventuelt lesast høgt i klassen.

Tilpassing

I staden for å skrive om fortida kan elevane òg velje å skrive om framtida med den same framgangsmåten. Slik kan elevane vri på eventuelle negative opplevingar og i staden fokusere på positive ting, håp og draumar for framtida.

Publisert 1. okt. 2020 08:30 - Sist endret 14. okt. 2020 12:38