Ei reise med lite bagasje

Elevane tek utgangspunkt i seks ord med same forbokstav for å beskrive ei reise. Elevane jobbar individuelt.

Tidsbruk

60–90 minutt.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren seier ein bokstav.
  • Deretter skal elevane kvar for seg finne eit ord med denne bokstaven til desse kategoriane: land/by – plagg – ting – mat/drikke – merke – artist/kjendis.
  • Etter ei avtalt tid høyrer ein kva alle har svart. Elevar som ikkje har fylt ut alle kategoriane, kan låne ord frå andre.
  • Elevane tek utgangspunkt i dei seks orda for å skrive om ein stad dei kunne tenkje seg å reise til (eller ei reisedagbok). Alle orda skal brukast.

Tilpassing

Elevar som vil det, kan argumentere for og imot ulike gjenstandar frå kategoriane ovanfor som bør eller ikkje bør vere med på reisa. På høgare nivå kan elevane skildre i fortid ei reise dei har gjort, med det same kravet om å inkludere alle kategoriane som er nemnde ovanfor

Publisert 1. okt. 2020 07:26 - Sist endret 14. okt. 2020 12:29