Elevane blir informerte om at visse gjenstandar som dei er godt kjende med, har valt å streike. Aktiviteten er todelt. I første omgang skal elevane skrive ein tekst der dei fortel korleis streiken har påverka dei. I den andre delen får elevane i oppdrag å skrive ein ny tekst ut frå gjenstanden sitt perspektiv. Elevane kan jobbe individuelt, i par eller i små grupper.
Tidsbruk
45–90 minutt.
Forslag til gjennomføring
DEL 1
- Elevane får opplyst at visse gjenstandar har valt å streike. Ta gjerne med gjenstandane til klasserommet så elevane kan leve seg inn i aktiviteten, og be elevane velje éin av dei. Vel gjerne gjenstandar som kan brukast i samanheng med kjende tema og kjent vokabular for elevane (alt frå husnøkkel til mobiltelefon).
- Læraren oppfordrar elevane til å skrive nokre stikkord / lage eit tankekart om gjenstanden (til dømes kva han vanlegvis blir brukt til, kva han betyr for eleven, korleis det påverkar eleven at gjenstanden har valt å streike).
- Elevane skriv ein samanhengande tekst på målspråket der dei tek med alle punkta frå tankekartet. Teksten må vise perspektivet til elevane, ikkje gjenstanden
DEL 2
- Bland og del ut tekstane til andre elevar/ grupper. Desse får no i oppdrag å skrive ein ny tekst ut frå perspektivet til gjenstanden. Kvifor valde gjenstanden å streike? Elevane kan gjerne skrive i første person.
- Til slutt kan ein samanlikne tekstane og lese dei høgt i klassen.