Å pynte på sanninga

Elevane skriv om delar av biografien til ein kjend person eller ein kjendis frå målspråkområda.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen foreslår i fellesskap ei rekkje kjende personar frå målspråkområda som nokon skriv på tavla. Elevane deler seg inn i par eller grupper, og dei vel sjølve kven dei vil skrive om.
  • Elevane hentar ein biografisk tekst om personen.
  • Elevane må deretter forandre namn på personen. Utover det kan dei endre så mange personopplysningar og annan informasjon som dei vil.
  • Læraren kan eventuelt setje opp kriterium, til dømes at det skal vere fem setningar med original informasjon og fem setningar der elevane har forandra informasjonen.
  • Når biografiane er ferdig skrivne, kan gruppene byte biografiar og prøve å gjette kva for personar dei andre gruppene har skrive om.
Publisert 1. okt. 2020 08:27 - Sist endret 14. okt. 2020 12:36