Uttaleskygging

Uttaleskygging kan brukast når elevane skal øve på å produsere, oppfatte og forstå tydinga av variasjonar i trykk, rytme, intonasjon og tonelag. Aktiviteten taler til fleire sansar; elevane ser, lyttar, taler og tek stemma til ein filmkarakter ved å ape etter han/henne. Med utgangspunkt i eit filmklipp blir elevane leidde gjennom fleire fasar med uttaleøvingar der dei må kjenne igjen, gjenta og føresjå ytringar i form av replikkar.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren hengjer opp plakaten med filmreplikkar
  • Læraren speler ein filmscene/eit utdrag for elevane
  • Læraren les dei valde replikkane høgt saman med elevane, og klassen samtaler om kven sine replikkar det er, og kvar i handlinga dei dukkar opp
  • Spel scenen éin gong til. Elevane skal no rekkje opp handa kvar gong dei kjenner igjen ein replikk. Då trykkjer læraren på pause og ber eleven seie replikken nøyaktig slik han blei uttalt (trykk, intonasjon, trykksvake ord o.l.). Gjer det same med alle replikkane
  • Spel scenen ein tredje gong. Denne gongen trykkjer læraren på pause før dei utvalde replikkane. Elevane skal no uttale etter minnet, men med støtte i plakaten. Elevane blir oppmoda om å leve seg inn i rolla når dei seier fram replikkane

Førebuingar

  • Velje ein film som elevane kjenner, og ein scene frå denne (til dømes klipp frå barne-/ ungdoms-TV eller ein spelefilm, dokumentar eller undervisingsvideo). Aktiviteten kan òg ta utgangspunkt i eit dikt (innspelt/ opplese) eller ein song, med/utan video.
  • Sortere ut nokre replikkar frå scenen (kronologisk, men med litt avstand i tid)
  • Skrive ned replikkane for utskrift (A3)
Publisert 2. okt. 2020 06:43 - Sist endret 14. okt. 2020 07:50