Tungekrøll

Tungekrøll er fleirordsfrasar med høg konsentrasjon av lydar som kan vere utfordrande å uttale. Gjennom frasane øver elevane målretta på enkeltlydar og lydkombinasjonar. Eigenarten til frasane og dei ofte kunstige kombinasjonane gjer at det ofte kan bli mykje latter og humor undervegs.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren presenterer lydane/lydkombinasjonane elevane skal øve på • Læraren modellerer uttale ved hjelp av ein tungekrøllfrase
  • Elevane lyttar og gjentek i kor
  • Elevane dannar grupper og øver vidare gruppevis mens læraren rettleier
  • Gruppene blir utfordra på å framføre tungekrøllen i plenum

Førebuingar

  • Finne tungekrøll som passar til lydar/lydkombinasjonar ein vil øve på (fleire ressursar på Internett)
Publisert 2. okt. 2020 06:39 - Sist endret 14. okt. 2020 07:49