Lydstaving

I denne aktiviteten skal elevane øve på uttalen ved å bruke lydskrift. Gjennom samarbeid og taktile element stavar elevane lyd for kvarandre. Å forstå lydskrift vil gi elevane verdifull støtte når dei skal uttale nye ord, og det vil gjere dei meir bevisste på at det latinske alfabetet har fleire variantar av lyd enn det den enkelte bokstaven klarer å gi att/framstille.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar par og får ein plakat med oversikt over det fonologiske alfabetet
  • Klassen repeterer lydane i kor saman med læraren, eventuelt kan læraren vise plakaten digitalt på lerret som felles utgangspunkt
  • Gruppene får utdelt eit sett med lappar med temabaserte gloser, vokabular med utfordrande lydar, eigennamn o.l.
  • Elevane trekkjer ein lapp etter tur. Den som har lappen, skal lydstave ordet ved å peike på dei rette lydskriftteikna på plakaten. Den andre skal seie teikna etter kvart og uttale heile ordet til slutt
  • Heilt til slutt kan ein eventuelt ha ein plenumssamtale om kva elevane klarte, og kva dei syntest var vanskeleg

Førebuingar

  • Lage ein plakat (A3) med det fonologiske alfabetet for ønskt språk eller skrive ut dei ferdige plakatane til Framandspråksenteret for engelsk, fransk, spansk, tysk
  • Skrive lappar med ord (temabaserte gloser, vokabular med utfordrande lydar, eigennamn o.l.)
Publisert 2. okt. 2020 06:41 - Sist endret 14. okt. 2020 07:50