Venndiagram som presentasjonsstøtte

Eit venndiagram er eit verktøy for visuell samanlikning av logiske samanbindingar (sjå illustrasjon). Elevane har lese om, sett på, høyrt om eller arbeidd med eit emne og skal førebu ein munnleg presentasjon der diagrammet fungerer som støtte, både i refleksjonen/bearbeidinga og under sjølve framføringa. Eit venndiagram er ein læringsstrategi som stimulerer til kritisk tenking og synleggjer denne.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane får utdelt ark med eit venndiagram
  • Læraren gir oppdraget. Elevane kan til dømes samanlikne
    • lese-/lyttetekst og film
    • to land
    • to tema
    • ny informasjon og eldre informasjon
    • to hendingar
    • to personar
  • Elevane arbeider individuelt med å fylle ut diagrammet i samsvar med oppdraget
  • Dei fyller inn stikkord i det overlappande midtfeltet for å vise kva som er felles, mens stikkorda i dei ytre felta får fram det som er ulikt
  • Elevane kan reinskrive stikkordnotata sine i eit digitalt venndiagram
  • Elevane kan eventuelt velje å leggje inn animasjonar på orda, slik at dei kjem til syne i den rekkjefølgja ein vil snakke om dei i presentasjonen

Førebuingar

  • Klargjere eit notatark med venndiagram (A4)
  • Bestemme relevant oppdrag
Publisert 2. okt. 2020 08:39 - Sist endret 14. okt. 2020 07:47