Tripp trapp tale

Tripp trapp tale opnar for semantiske samtalar der elevane får ei djupare forståing for omgrep. Samtalane tek form gjennom klare oppdrag i ei «omgrepstrapp» (sjå til dømes nettversjonen av ressursen på heimesida til Framandspråksenteret). For elevar på lågare språknivå vil oppdragsspørsmåla i trappa òg fungere som nyttig snakkehjelp. Aktiviteten rommar fleire strategiar, mellom anna det å få ord/omgrep til å feste seg gjennom å assosiere og forklare noko for andre.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar par
  • Elevane får utdelt ark med ei omgrepstrapp med oppdragsspørsmål
  • I tillegg får kvar elev fire–fem omgrep. Dei må ikkje vise omgrepa til medelevane
  • Elevane får tid til å tenkje over omgrepa sine og spørsmåla i omgrepstrappa
  • Deretter skal dei vekselvis forklare eitt og eitt omgrep ved å «gå opp trappa». Dei beskriv omgrepet ved hjelp av spørsmåla på veg opp trappetrinna, men utan å bruke sjølve ordet
  • Medeleven skal ved toppen av trappa gjette kva omgrep det er snakk om

Førebuingar

  • Klargjere omgrepstrapp med spørsmål. Spørsmåla vil endre seg dersom ein arbeider med meir abstrakte omgrep
  • Lage omgrepslappar
Publisert 2. okt. 2020 08:11 - Sist endret 14. okt. 2020 07:46