Terningen har talt

Ein måte å praktisere temabasert ordforråd på i ein samanheng er å bruke biletterningar. Dei kan lagast enkelt i til dømes nettenesta SEN Teacher Free Learning Resources (sjå Førebuingar). Med utgangspunkt i terningkasta skal elevane skape ein munnleg samanhengande tekst. Det uføreseielege i spelet utfordrar og inspirerer til kreativ språkutfalding.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar par. Kvart par får utdelt ein biletterning (eventuelt grupper på fire og to ulike terningar per gruppe)
  • Etter tur skal elevane slå terningen fire gonger og merke seg bileta som terningen viser. Deretter formulerer dei ein samanhengande tekst der orda som bileta representerer, er med 
  • Læraren går rundt og lyttar og ber eit utval elevar om å gi att teksten til medeleven

Førebuingar

Publisert 2. okt. 2020 10:13 - Sist endret 14. okt. 2020 07:48