Tabu!

I denne aktiviteten får elevane snakke spontant om ord/omgrep. “Tabukort”/”Støttekort” fungerer som igangsetjarar for den munnlege produksjonen. Elevane jobbar i par og vekslar på å ta rolla som lyttar og produsent. Slik får begge øving i både å oppfatte nyansar i ein bodskap med det mål å gjette rett ord/omgrep og uttrykkje seg presist sjølv. Aktiviteten er fleksibel, og ordutvalet kan spenne frå enkle konkret til komplekse abstrakt.

Forslag til gjennomføring

  • Klassen dannar par
  • Kvart par får ein bunke med tabukort som skal plasserast opp ned på bordet • Læraren forklarer spelereglane: º
    • Øvst på tabukortet står hovudordet/ -omgrepet som medeleven skal gjette seg fram til. Dette ordet/omgrepet er det ikkje lov å nemne i forklaringa
    • I tillegg er det lista opp andre ord (1–4) som det heller ikkje er lov å bruke når or det skal forklarast. Ein enklare variant kan vere at desse orda er lov å bruke og fungerer som støtteord i beskrivinga
    • Eventuelt kan ein gi poeng for rett svar gitt innan ei viss tid •
  • Elevane trekkjer kort og forklarer/beskriv ord annankvar gong •
  • Ved ei oppsummering i plenum kan elevane bli utfordra på spørsmål: Kva for eit ord var det vanskelegaste å forklare? Kvifor er enkelte ord vanskelegare å forklare enn andre?

Førebuingar

  • Velje ord/omgrep innanfor ønskt tema med 1–4 tilhøyrande tabu-/støtteord
  • Lage kort der kvart kort har eitt av dei valde orda øvst og tabu-/støtteorda under
Publisert 2. okt. 2020 07:03 - Sist endret 2. okt. 2020 07:03