Sei kva eg skal teikne!

Med utgangspunkt i eit bilete skal ein elev munnleg instruere ein annan i kva som skal teiknast. Det visuelle materiellet bestemmer temaet og støttar opp under og gir rammer for kommunikasjonen. Språkleg må eleven som instruerer, snakke høgt og tydeleg og vurdere i kva rekkjefølgje han eller ho bør gi teikneinstruksane. Dessutan engasjerer og motiverer spenninga omkring sluttresultatet til munnleg aktivitet.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar par, og kvart par får utdelt to ulike bilete som dei skal halde skjult for den andre
  • Elevane set seg rygg mot rygg
  • Den eine eleven forklarer kva som er å sjå på biletet hans/hennar
  • Den andre eleven teiknar det medeleven beskriv
  • Eleven som teiknar, kan stille oppklarande spørsmål undervegs
  • Til slutt skal teikninga samanliknast med originalen. Dersom teikningane avvik veldig, kan ein diskutere korleis dei kunne ha blitt meir like (val av ord, meir nøyaktige instruksar, osv.)
  • Elevane byter så roller, slik at begge får ta imot og gi instruksar Alternativt kan elevane få to tilnærma like bilete, med noko som manglar på kvar av dei. Elevane spør kvarandre for å finne dei manglande elementa og teiknar så inn desse.

Førebuingar

  • Velje to eigna bilete innanfor eit ønskt tema og dei språklege funksjonane ein skal øve på
  • Dersom ein går for den alternative oppgåva som er skissert ovanfor, må læraren fjerne element frå bileta, slik at ein får ein A- og Bversjon
  • Kopiere opp alt etter kor mange elevpar det er i klassen
Publisert 2. okt. 2020 07:08 - Sist endret 14. okt. 2020 07:45