Omgrepssirkel/Begrepssirkel

Utgangspunktet for aktiviteten er ein sirkel som er delt i fire. Elevane får eit oppdrag og skal fylle ut sirkelen med egne assosiasjonar til og kunnskap om dette. I den munnlege delinga med medelevar etterpå blir dei engasjerte i kvarandre sine refleksjonar.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane får utdelt eit ark med ei teikning av ein sirkel som er delt i fire
  • Med utgangspunkt i eit emne, ein film, eit refleksjonsspørsmål e.l. skal elevane individuelt fylle inn eit ord/omgrep/tema i tre av felta i sirkelen. Det siste feltet skal vere tomt
  • Elevane reiser seg, går rundt og presenterer munnleg sirklane sine for kvarandre. Undervegs skal dei lytte nøye til vala til medelevane, gjere sine eigne vurderingar og bestemme seg for eitt ord/omgrep/tema som passar best med deira eiga oppfatning. Det skal dei notere i det ledige feltet
  • Til slutt kan alle sirklane hengjast opp

Førebuingar

  • Gjere klar eit A4-ark med ein sirkel delt i fire felt
  • Bestemme eit relevant oppdrag
Publisert 2. okt. 2020 08:18 - Sist endret 14. okt. 2020 07:47