Nummererte svarroller

Denne enkle spørsmålsaktiviteten sikrar aktiv deltaking frå alle elevar. Gjennom felles utveksling av informasjon får den enkelte eleven fagleg og språkleg støtte til betre å kunne svare munnleg. Strukturen gir ei “stemning for spenning” i og med at ein på førehand ikkje veit kven av gruppemedlemmene, og kva for ei gruppe, som vil bli utfordra til å svare.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler klassen inn i grupper på fire, og elevane i kvar gruppe får eit nummer frå 1 til 4
  • Læraren stiller eit spørsmål og gir gruppene tenkjetid
  • Elevane tenkjer ut eit forslag til svar individuelt og tek notat
  • Deretter diskuterer gruppemedlemmene seg fram til eit felles svar som alle skal kjenne til
  • Læraren seier eit tilfeldig nummer
  • Alle med dette nummeret gir teikn ved å rekkje opp handa
  • Læraren peiker ut éin av desse til å svare. Elevar frå andre grupper med same nummer kan eventuelt supplere
  • Prosedyren blir gjenteken til alle spørsmåla er stilte

Førebuingar

  • Formulere spørsmål til ønskt emne (ord og omgrep, grammatiske moment, repetisjons-, forståings- eller refleksjonsspørsmål)
Publisert 2. okt. 2020 10:38 - Sist endret 14. okt. 2020 07:48