Krusedullsnakk

I denne aktiviteten teiknar elevane ein krusedull/ei tenkjeteikning som skal leie til munnleg kommunikasjon. Elevane får skape sitt eige uttrykk, noko som er ein fordel når dei munnleg skal formidle innhaldet i det visuelle uttrykket vidare. I dette ligg det ei viss tilpassing. Oppgåva har fleire refleksjonsledd: språk – teikning – språk, der assosiasjonane til elevane må gjerast om til ei munnleg beskriving av krusedullen dei har teikna. Krusedullsnakk kan setjast inn når som helst i arbeidet med eit tema: før, under eller etter. 

Forslag til gjennomføring

  • Elevane får utdelt kvar sitt blanke ark
  • Læraren presenterer teikneoppgåva:
    • Elevane skal lage ei enkel teikning med utgangspunkt i eit refleksjonsspørsmål (til dømes: “Kva betyr musikk for deg?”), eit språkleg uttrykk (til dømes: idiom) eller eit fagleg spørsmål frå læraren (til dømes: “Kva bør verktøykassa til ein røyrleggjar innehalde?”).
    • Det er ikkje lov å bruke skriftteikn
  • Elevane får høyre refleksjonsspørsmålet og får tid til å reflektere over kva biletuttrykk dei kan skape, og teiknar dette. Dei må òg vurdere korleis dei munnleg skal vidareformidle det dei har teikna
  • Etter ei viss tid skal dei mingle, finne ein medelev og forklare si eiga teikning munnleg. Eventuelt kan det leggjast opp til at medeleven skal gjette kva teikninga representerer, til dømes ved å bruke språklege uttrykk
  • Kravet til elevane kan vere at dei skal snakke med minst tre personar

Førebuingar

  • Dele ut blanke ark til elevane
  • Velje teikneoppgåve
Publisert 2. okt. 2020 07:57 - Sist endret 14. okt. 2020 07:45