Illustrasjon - assosiasjon - kommunikasjon

Formålet med aktiviteten er å få nye tankar og setje dialogar i gang ved å utnytte den inspirasjonen bilete kan gi. Det ligg ei viss tilpassing i det at elevane vel ut frå eigne assosiasjonar, noko som kan vere ein motivasjon for å uttrykkje seg munnleg. Samtidig kan det gi elevane nye impulsar for vidare munnleg produksjon når dei får ta del i assosiasjonane til medelevane.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren har med bilete som er knytte til eit gitt emne (fotografi, postkort, vekeblad etc.).
  • Bileta blir lagde utover golvet
  • Elevane vel det biletet som best illustrerer det dei assosierer med emnet
  • Elevane studerer sitt eige bilete og tenkjer på kva ord og formuleringar dei kan få bruk for
  • Elevane dannar grupper på fire
  • Kvar elev forklarer sitt eige biletval og sine eigne assosiasjonar til biletet for dei andre i gruppa. Dei andre kan stille utdjupande spørsmål
  • Til slutt kan ein eventuelt ta ein runde i plenum

Førebuingar

  • Velje bilete til ønskt tema
Publisert 2. okt. 2020 07:59 - Sist endret 14. okt. 2020 07:46