Er du biletmatchen min?

Dette er ei munnleg aktiviserande puslespeloppgåve. Med utgangspunkt i ein del av eit bilete går elevane rundt i klasserommet og ber om informasjon for å finne den eller dei som har resten av biletet. Det konkrete og visuelle utgangspunktet som biletbiten representerer, fungerer som ein igangsetjar for munnleg produksjon og interaksjon. Aktiviteten engasjerer elevane til å stille spørsmål, lytte og respondere for å få svar på om dei er kvarandre sin biletmatch.

Forslag til gjennomføring

  • Kvar elev får utdelt ein del av eit bilete (puslespelbit)
  • Eleven skal halde biletbiten skjult for medelevane
  • Elevane studerer sin eigen biletbit og tenkjer på kva ordforråd og formuleringar dei har bruk for når dei skal snakke om biletet
  • Deretter går elevane rundt i klasserommet og stiller spørsmål om biletbitane til kvarandre
  • Elevane held fram med å spørje og svare til dei finn biletmatchen sin/biletmatchane sine • Dei som har funne biletmatchen sin, utgjer ei gruppe
  • Biletet kan brukast som utgangspunkt for mange andre munnlege øvingar òg, til dømes biletbeskrivingar, rollespel eller kreativ munnleg forteljing

Førebuingar

  • Finne bilete til ønskt tema og skrive dei ut i A4-format
  • Klippe opp dei valde bileta i puslespelbitar (2–3). Pass på at bitane har noko attkjenneleg som gjer elevane i stand til å finne tilbake til originalbiletet
  • Eventuelt formulere oppgåver til vidare arbeid med biletet
Publisert 2. okt. 2020 06:48 - Sist endret 14. okt. 2020 07:44