Baksnakk

I denne biletaktiviteten blir elevane utfordra både på reseptive og produktive ferdigheiter, og det i fleire omgangar. Tittelen “Baksnakk” viser til at elevane har ein biletdel festa på ryggen. Dei veit ikkje kva biletet viser, men skal få det beskrive av ein medelev. Det gjer elevane nysgjerrige, og det faktum at dei skal møte eit fleirtal medelevar munnleg, bidreg til engasjement. Det visuelle i form av bilete stimulerer til språkleg produksjon, og lytteoppdraget til den enkelte har eit tydeleg formål: For det første skal dei ved hjelp av lytteforståing få ein idé om kva deira eige bilete viser. For det andre tileignar dei seg vokabular og formuleringar til bruk i eigen språkproduksjon når dei i neste fase skal gå frå tanke (om eigen biletdel) til stadfesting når dei finn den andre bilethalvdelen.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler ut ein bilethalvdel til kvar av elevane
  • Kvar elev festar den utdelte bilethalvdelen på ryggen til ein medelev utan at han eller ho får sjå biletbiten
  • Elevane finn ein medelev
  • Den eine beskriv munnleg biletet på ryggen til den andre. Den andre lyttar til den munnlege beskrivinga og prøver å tenkje seg til kva illustrasjon viser. Så byter dei roller, slik at begge får praktisere produktivt og reseptivt språk
  • Etterpå går elevane vidare til ein ny medelev og gjentek prosedyren to gonger til
  • Deretter skal elevane nytte seg av dei munnlege beskrivingane dei har fått frå medelevar, til å finne ut kven som har den andre halvdelen av biletet (alle har framleis bileta på ryggen)
  • Elevane minglar og formidlar munnleg vidare det dei har fått beskrive om sitt eige bilete
  • Når elevane har funne fram til den rette medeleven, hentar dei fram bileta og samtaler kort om sine eigne tankar og det faktiske biletinnhaldet
  • Eventuelt kan læraren be elevane om å diskutere seg fram til to–tre tema som kan relaterast til biletet. Desse kan delast i plenum, slik at resten av klassen kan ta del i dei andre sine bilete. For visuell støtte kan læraren vise bileta fortløpande på lerret

Førebuingar

  • Finne nok bilete til at det svarer til halvparten av elevane i klassen. Bileta bør vere av ein slik art at dei kan delast i to og likevel ha nok felles komponentar til at ein kan finne biletpartnaren
  • Skrive ut bileta i A4-storleik
  • Klippe kvart bilete i to
  • Få tak i store bindersar – éin til kvar biletdel
Publisert 2. okt. 2020 10:20 - Sist endret 14. okt. 2020 07:48