Verdilinje

Denne aktiviteten legg opp til at elevane først skal ta stilling til eit “problem” ved å plassere seg på ei verdilinje med to ytterpunkt (heilt einig – heilt ueinig). Deretter blir linja broten på midten, og ein ny konstellasjon med elevpar blir skapt. Elevane formidlar synet sitt munnleg, lyttar til synspunkta til dei andre og blir dermed utfordra på sine eigne haldningar (uttrykkje semje/usemje).

Forslag til gjennomføring

  • Læraren presenterer ei problemstilling i tilknyting til eit kjent tema
  • Læraren informerer om at det går ei imaginær verdilinje gjennom heile klasserommet, og at endane på linja representerer ytterpunkt og mellompartiet ulike graderingar av desse
  • Elevane plasserer seg på linja ut frå sitt eige syn på problemstillinga
  • Verdilinja blir så broten på midten
    • anten ved at linja blir bretta slik at ytter punkta står overfor kvarandre,
    • eller ved at den eine halvdelen blir skyvd slik at midtpunkta møter ytterpunkta
  • Elevpara kommuniserer munnleg med kvarandre og grunngir plasseringa si på verdilinja
  • Læraren kan eventuelt oppsummere synspunkta eleven har gitt undervegs

Førebuingar

  • Velje ei problemstilling med to motstridande synspunkt
  • Vurdere kvar aktiviteten kan gjennomførast
Publisert 2. okt. 2020 07:10 - Sist endret 14. okt. 2020 07:12