Snøballprat

Poenget med å arrangere ein «snøballkrig» er å føre elevane inn i ein samtalesituasjon. Gjennom læraren si problemstilling, elevane sitt eige svar på denne og innsyn i svara til medelevane oppnår ein refleksjon og kommunikasjon. På eit lågt nivå deler dei munnleg ved å formidle innhaldet i «snøballane» til andre elevar, mens det i den påfølgjande diskusjonen skjer ein munnleg interaksjon på eit høgare nivå. Gjennom dei ulike ledda deltek elevane i ein prosess som førebur dei på å delta i den meir spontane samtalesituasjonen.

Aktiviteten kan nyttast til diskusjonar av faglege problemstillingar:

  • “Korleis kan kvar og éin av oss bidra til å spare energi?” (jf. den generelle delen av læreplanen om berekraftig utvikling)
  • eigenvurdering: “Peik på det viktigaste du har lært i denne økta/perioden”
  • elevmedverknad, til dømes gjennom idé myldring omkring vektlegging i eit kommande tema

Forslag til gjennomføring 

  • Læraren gir oppgåva og viser eller skriv setningar som kan fungere som snakkehjelp

  • Kvar elev får utdelt eit blankt ark
  • På arket skriv elevane ned bidraga sine (to–tre punkt)
  • Elevane krøllar papirarket saman til ein ball
  • Elevane samlar seg i ein ring for å ha “snøballkrig”
  • Elevane kastar papirballane, plukkar opp og kastar på nytt
  • Aktiviteten varer til læraren seier stopp
  • Kvar elev finn ein papirball
  • Elevane går saman fem og fem og les opp innhaldet på arka for kvarandre • Gruppa samtaler deretter på målspråket om kva bidrag som best representerer synet til gruppa
  • Kvar gruppe presenterer det dei er blitt einige om

Førebuingar 

  • Dele ut eit blankt kvitt ark til kvar elev
  • Formulere oppgåva elevane skal reflektere over (sjå innleiande tekst)
  • Formulere setningar som kan fungere som snakkehjelp
Publisert 2. okt. 2020 07:54 - Sist endret 14. okt. 2020 07:19