Smultringen

Smultringen er ein spørsmål-og-svar-seanse med ein aktiviserande vri som skaper god dynamikk i språkopplæringa. Gjennom organiseringa i ein indre og ein ytre sirkel møter elevane stadig nye samtalepartnarar. Det går for seg ein samtidig interaksjon, noko som gir meir taletid til den enkelte eleven. Strukturen kan fyllast med ulikt innhald og kan nyttast uavhengig av ferdigheitsnivå, fag eller lærestoff, som til dømes spørsmål til tekst, refleksjonsspørsmål eller personlege spørsmål.

Forslag til gjennomføring

  • Elevane dannar to sirklar – ein indre og ein ytre
  • Elevane i den indre og den ytre sirkelen står med ansiktet mot kvarandre
  • Elevane i den indre sirkelen får utdelt kvar sitt spørsmål
  • Elevane i den ytre sirkelen skal svare
  • Når læraren gir signal, begynner den første samtalen
  • Når læraren gir nytt signal, beveger alle i ytre ring seg til høgre til neste partnar og begynner ein ny samtale omkring neste spørsmål. Slik held dei fram til ringen er slutta

Alternativt kan organiseringa i indre og ytre sirkel eigne seg til å arrangere «speed dating» med fiktive personlegdommar. Elevane får utdelt eit påbegynt rollekort med visse kategoriar som dei skal ta utgangspunkt i for å skape si eiga rolle (sjå nettversjonen av denne munnlegressursen på heimesida til Framandspråksenteret). Nedst på arket noterer elevane stikkord til to–tre utvalde kategoriar frå skjemaet om kva dei søkjer hos ein partnar (skal haldast hemmeleg). Målet er at kvar elev skal finne ein «match». Elevane dannar no dei to sirklane – sjå forslag til vidare gjennomføring ovanfor.

Førebuingar

  • Klargjere lappar med spørsmål til den eine sirkelen. Dersom ein ønskjer fasit, lagar ein det
  • Ved «speed-dating» kopierer ein opp rollekort til alle elevane i klassen
Publisert 2. okt. 2020 07:51 - Sist endret 14. okt. 2020 07:12