Rollerundar

Bruk av rollekort er ein kjend aktivitet i språkopplæringa. Rollerundar tek utgangspunkt i rollekort, men den foreslåtte organiseringa (individuelt – gruppe 1 – gruppe 2 – plenum) gir språkleg støtte, og gjennom gjentaking aukar òg det språklege utbytet.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren gir elevane eit tal frå 1 til 4 (eventuelt til 3)
  • Kvart nummer får den same typen rollekort. Individuelt gjer elevane seg kjende med si eiga rolle og tek støttenotat
  • Elevane dannar grupper der alle like tal er representerte. Dei skal no saman leggje ein strategi for den munnlege deltakinga til sin eigen karakter i rollespelet. Elevane tek notat etter behov
  • Deretter dannar elevane grupper der alle ulike tal er med, og dei speler karakterane sine i rollespelet
  • Eventuelt kan enkelte grupper peikast ut til å framføre rollespelet i plenum
  • Ei ytterlegare utfordring kan vere at ein dannar nye gruppekonstellasjonar ved å be til dømes alle einarar og toarar om å byte gruppe

Førebuingar

  • Formulere/finne tre eller fire ulike rollekort alt etter kor store gruppene skal vere (sjå ovanfor). Rollekorta må ta utgangspunkt i éin og same situasjon
Publisert 2. okt. 2020 10:18 - Sist endret 14. okt. 2020 07:44