Mingleparty – innlemme tekstutdrag i samtale

Settinga for denne aktiviteten er ein fest, og det er forventa at ein minglar, introduserer seg og pratar med flest mogleg av gjestene. Med utgangspunkt i lappar med setningar frå ein lyttetekst skal elevane bli leidde inn i og føre samtalar som den tildelte setninga må inngå naturleg i. Utfordringa blir å ta i bruk sitt eige språk i konversasjonen med ein medelev og samtidig på kreativt vis å skulle innlemme tekstutdraget. Aktiviteten passar òg som førlytting i og med at jo fleire elevane rekk å få snakka med, jo fleire smakebitar frå teksten får dei. Og den attkjenninga dei så vil oppleve når dei etterpå lyttar til heile teksten, vil kunne verke positivt inn på forståinga.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren set situasjonen: Elevane deltek på ein fest • Elevane får utdelt kvar sin lapp med ei setning frå ein tekst. Dei må ikkje vise lappen til nokon

  • Læraren forklarer framgangsmåten: Elevane skal sirkulere, introdusere seg og slå av ein kort prat med flest mogleg. Før dei får gå vidare til nestemann, må dei flette setninga på lappen naturleg inn i samtalen

  • Læraren gir klarsignal om at festen kan begynne

Førebuingar

  • Klargjere lappar med setningar frå ein lyttetekst (med ord, konstruksjonar o.l.) som ein vil at elevane skal øve på munnleg
Publisert 2. okt. 2020 10:10 - Sist endret 14. okt. 2020 07:42