Minglebingo - Bli kjent bingo

Minglebingo er ei meir aktiviserande form av ein kjend aktivitet, men som i motsetning til vanleg bingo øver munnleg produksjon. Aktiviteten opnar òg for å praktisere grammatiske moment/strukturar, sidan elevane både må ta rolla som den som spør, og den som svarer.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler ut eitt bingobrett til kvar elev og gjennomgår eventuelt det språklege innhaldet i brettet
  • Elevane reiser seg og skal no mingle og stille spørsmål til kvarandre med utgangspunkt i påstandane på bingobrettet
  • Dersom ein får eit stadfestande svar, noterer ein namnet på denne eleven i det gjeldande feltet og går vidare til neste elev
  • Dersom ein får «nei», må ein gå direkte vidare til ein annan person (ein kan eventuelt komme tilbake til den same person en dersom ein har vore innom andre på vegen) • Den som har fylt ut alle felta først, roper “bingo!” 
  • Til slutt er det gjennomgang med aktivering av målspråket i plenum

Førebuingar

  • Lage bingobrett med 6–12 ruter med rubrikkar som inneheld påstandar som er relaterte til personleg informasjon (interesser, eigenskapar, utsjånad, familieforhold, aktivitetar og/eller hendingar)
  • I rubrikkane bør det òg vere plass til å notere ned namn for registrering fram mot fullt brett
  • Kopiere opp bingobrettet til alle elevane i klassen
Publisert 2. okt. 2020 10:23 - Sist endret 12. okt. 2020 08:58