Karakterintervju

I denne aktiviteten får elevane roller som personar i ein lytte-/lesetekst. Dei blir intervjua om sin eigen rollefigur og formulerer spørsmål som skal stillast til dei andre karakterane. Elevane får vist lytte-/leseforståing gjennom munnleg spontan (svar) og førebudd (spørsmål) tale. Fordelen med å gå inn i ei rolle er at det er mindre utleverande enn å opptre som ein eigen person; dei får høve til å leve ut kreative sider.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler elevane inn i grupper alt etter kor mange karakterroller som skal dekkjast
  • Alle i gruppa får ei rolle og set seg inn i eigenskapane og handlingane til denne karakteren
  • Deretter skal alle på gruppa førebu til dømes to intervjuspørsmål til kvar av dei andre rollene. Desse spørsmåla kan gå direkte på tekstinnhald eller vere av meir fortolkande art, slik at rollefiguren blir ytterlegare utfordra på kreativitet og rolleinnleving
  • På signal frå læraren begynner aktiviteten, og elevane i gruppa byter på å intervjue kvarandre

Førebuingar

  • Velje ein lytte-/lesetekst som handlar om ei viss mengd karakterar (fakta-/fiksjonstekst)
  • Bestemme karakterar som elevane skal representere
Publisert 2. okt. 2020 10:16 - Sist endret 14. okt. 2020 07:43