Finn ein som kan svare

Dette er ei tradisjonell spørsmål- og svaroppgåve, men med andre rammer og i ei elevaktiviserande form: Elevane snakkar, lyttar og skriv – alle på éin gang, og dei får svar på spørsmåla ved å samarbeide. Eit tilleggselement er kravet om signering for avgitt svar, noko som forpliktar ekstra til munnleg deltaking. Rammene til aktiviteten er fordelaktige med tanke på differensiering, der enkeltelevar i mindre grad blir eksponerte for heile klassen når det gjeld kunnskap og munnleg kompetanse. Samtidig får kvar og ein svar på alle spørsmåla sine ved hjelp av den samla kompetansen i klassen.

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler ut spørsmålsark og forklarer aktiviteten
    • Elevane skal sirkulere og finne ein ledig medelev
    • Begge stiller kvarandre munnleg eit spørsmål frå arket (berre lov med eitt spørsmål per person)
    • Elevane svarer munnleg til kvarandre, men skriv ned svaret til den andre
    • Den som svarte, kvitterer for det munn- lege bidrag, går vidare til ein ny medelev og gjentek prosedyren
  • Etter at aktiviteten er gjennomført, kan spørsmål og svar repeterast og sjekkast i plenum. Signaturane kan til dømes styre gjennomgangen (den som har signert, er nestemann til å lese opp eit spørsmål med svar)

Førebuingar

  • Klargjere ark med spørsmål frå ein lytte-/ lesetekst for bearbeiding eller til eit emne for repetisjon (spørsmål med fasitsvar passar best). Kvart spørsmål har plass til å notere svar og eit felt for signatur
Publisert 2. okt. 2020 10:15 - Sist endret 14. okt. 2020 07:43