Kort beskriving
Dette opplegget skal elevane arbeide med lytteferdigheita. Elevane får i oppgåve å lytte til ein tekst som handlar om juletradisjonar i USA, og korleis ein kan feire jul og nyttår i New York. Opplegget gir døme på korleis ein kan bruke bilete for å strukturere innhaldet i lytteteksten. I førlyttingsaktiviteten får elevane utdelt lappar med ord/uttrykk som dei skal forklare og kategorisere, medan elevane skal gje att innhaldet i lytteteksten ved hjelp av bilete og eventuelle stikkord i grupper som etterarbeid. Samanlikning av juletradisjonar i Noreg og USA kan vere eit alternativ til vidare arbeid.
Kompetansemål
Engelsk – etter 10. årstrinn
Språklæring
- bruke ulike situasjonar, arbeidsmåtar og læringsstrategiar for å utvikle eigne ferdigheiter i engelsk
Munnleg kommunikasjon
- velje og bruke ulike lytte- og talestrategiar tilpassa føremålet
- forstå og bruke eit generelt ordtilfang knytt til forskjellige emne
- forstå hovudinnhald og detaljar i ulike typar munnlege tekstar om forskjellige emne
- uttrykke og grunngje eiga meining om forskjellige emne
Kultur, samfunn og litteratur
- drøfte levesett og omgangsformer i Storbritannia, USA, andre engelskspråklege land og Noreg
Læringsmål
Elevane skal øve seg på å bruke bilete som hjelpemiddel til å organisere innhaldet i ein lyttetekst, dei skal kunne forklare og kategorisere ord og uttrykk, og dei skal kunne gje att innhaldet i lytteteksten for andre elevar ved å bruke bilete og eventuelle stikkord.
Elevane skal òg kunne samanlikne juletradisjonar i Noreg og USA ved å lage eit Venn-diagram og presentere for medelevane sine.
Ressursar
- Lyttefil: Christmas in New York (lyttetekst hos Framandspråksenteret)
- Arbeidsark 1: Føraktivitet: Skjema med ord/uttrykk frå lytteteksten (pdf)
- Arbeidsark 2: Aktivitet undervegs: Samling bilete som eleven skal organisere medan h*n lyttar (pdf)
- Arbeidsark 3: Aktivitet undervegs: Skjema med bilete som kan nummererast (pdf)
- Arbeidsark 4: Vidare arbeid: Venn-diagram til å samanlikne juletradisjonar i Noreg og USA (pdf)
- Om venndiagram: Metodiske tips - Fremmedspråksenteret
Førebuingar
Læraren
- Finne fram lyttefila
- Kopiere opp arbeidsark
- Klippe opp ord/uttrykk frå arbeidsark 1 og legge i konvoluttar
Elevane
- Evt. repetere det dei veit om USA og New York spesielt.
- Diskutere og skrive ned evt. kva dei veit om julefeiring og juletradisjonar i USA.
Plan/læringsaktivitetar
Føraktivitet
Elevane arbeider i par. Alle para får ein konvolutt med oppklipte ord/uttrykk. (arbeidsark 1) Vekselvis trekker elevane ein lapp og ser om dei forstår innhaldet. Viss ja, skriv dei initialane sine på lappen. Til slutt vil dei ha ein bunke med lappar som båe har forstått, ein bunke der ein av dei har forstått og ein utan nokre initialar. Elevane går så igjennom bunken med lappar ein/båe ikkje forstod. Dei forklarar for kvarandre, grip til hjelpemiddel om dei må, slik at alle orda er forstått og har fått båe elevane sine initialar. Deretter skal para «oppdage» ei kategorisering av innhaldet på lappane og gruppere dei i kategoriar (det skal ikkje vere nokon fasit). Til slutt skal elevane parvis gjere greie for eiga kategorisering med døme.
Aktivitet undervegs
Elevane arbeider individuelt. Dei får utdelt ei samling bilete (arbeidsark 2). Desse kan vere presentert som oppklipte lappar, eller dei kan vere samla i eit skjema kor det er plass til å nummerere bileta(arbeidsark 3). Medan elevane lyttar til teksten, får dei i oppgåve å organisere bileta i den rekkefølgja dei høyrer informasjonen.
Etteraktivitet
Elevane vert plassert i grupper på fire. Dei får tildelt eit visst tal med bilete kvar, og får så i oppgåve å gje att innhaldet i lytteteksten basert på dei bileta dei har fått tildelt. Bileta er dei same som vart brukt til aktiviteten undervegs (arbeidsark 2).
Vidare arbeid
Parvis lager elevane ei liste over tradisjonar som er vanlege i Noreg under julefeiringa.
Deretter kan dei lage ei liste med stikkord over kva tradisjonar som vart presentert i lytteteksten, basert på bileta, ordforklaringane og attgjevingane dei har nært i minnet.
Elevane kan så presentere likskapar og skilnadar i eit Venn-diagram (arbeidsark 4) som dei deretter forklarar for dei andre elevane.
Refleksjon og vurdering
Dette opplegget er i all hovudsak eit opplegg som er meint for å trene opp lytteferdigheita og gjere elevane medvitne om korleis ein kan arbeide for å organisere innhaldet i ein lyttetekst utan å måtte skrive. Det er difor ikkje lagt opp til nokon formell vurdering frå læraren si side rundt dette dømet.
Om ein ynskjer, kan læraren innleie ein refleksjon i plenum etter at opplegget er gjennomført. Her kan elevane diskutere kva som gjekk bra, kva som var utfordrande, og om dei likte denne lyttestrategien. Det kan danne utgangspunkt for seinare arbeid med andre lyttestrategiar.
Oppfølging
Opplegget kan brukast aleine slik det står, eller det kan vere ein del av eit større temaarbeid om juletradisjonar i engelskspråklege land. Det er òg mogleg å bruke kun nokre av aktivitetane i dette opplegget, til dømes undervegsaktiviteten.
Kommentarar
Lyttestrategien som vert brukt i dette opplegget er ein typisk top-down-strategi, kor ein baserer seg på den kunnskapen lyttaren allereie har. Forkunnskap blir aktivert ved å arbeide på ein slik måte, og føresetnadene for å forstå teksten vert styrka. Ein slik strategi er lyttarbasert og har i all hovudsak fokus på innhald.
Ein kan sjølvsagd enkelt nytte andre lyttestrategiar i samband med denne lytteteksten òg: gjette innhaldet ved hjelp av å bruke bilete, skilje kva personane seier som er fakta og kva som er deira eiga meining ved å bruke eit tokolonnenotat, arbeide med nærlytting ved å lytte etter bestemte ord, synonym, grammatikk osv.
Kjelder
- Lyttefil: Christmas in New York, Framandspråksenteret:
- Bilete av New York City: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:NYC_Montage_8.jpg?uselang=nb
- Bilete til arbeidsark 2 og 3:
- New York City: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:NYC_Montage_8.jpg?uselang=nb
- Rockefeller Center: http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/4/43/RockefellerTree2005.jpg?uselang=nb
- Broadway: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Chicago2_(MdB).jpg?uselang=nb
- Christmas presents: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Gifts_xmas.jpg?uselang=nb
- Turkey with stuffing: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Stuffed_turkey.jpg?uselang=nb
- Pumpkin pie: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Slice_of_pumpkin_pie_with_whipped_cream.jpg?uselang=nb
- Candy canes: http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/2/20/Candy_cane_on_tree.jpg?uselang=nb
- Christmas stockings: http://www.flickrcc.bluemountains.net/flickrCC/index.php?terms=stocking&page=5&edit=yes&com=no#
- Times Square: http://www.flickrcc.bluemountains.net/flickrCC/index.php?terms=new%20york%20new%20years&page=4&edit=yes&com=no#
- Statue of Liberty: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Statue_of_liberty.jpg?uselang=nb
- Empire State Building: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Empire_state_building.jpg?uselang=nb
- The Guggenheim Museum: http://www.freedigitalphotos.net/images/Spain_g430-Guggenheim_Museum_p83039.html
- Central Park: http://www.flickrcc.bluemountains.net/flickrCC/index.php?terms=central%20park%20ice%20rink&page=3&edit=yes&com=no#
- Bilete til arbeidsark 4: Venn-diagram: Fremmedspråksenteret