Mumlememorering

Å memorere det ein har lese, halvhøgt for seg sjølv undervegs i lesinga kan vere ein grei måte å overvake si eiga leseforståing på – for det å gjengi hovudtankar meistrar ein gjerne først når ein har forstått. Det kan mellom anna skje på den måten at ein les ”handterlege” tekstsekvensar før ein vender blikket bort frå teksten og prøver å mumle fram det ein har lese (anten med eigne ord eller som direkte attgiving). ”Handterleg” kan gå på fleire ting, til dømes lengd, kjennskap til temaet og kompleksitet i språk og struktur. Aktiviteten kan òg gi utbytte når det gjeld innlæring av språkkonstruksjonar/uttrykksmåtar. Målet er altså ikkje å lære seg heile teksten utanåt, det er leseforståinga og innlæringa av konstruksjonar som er i fokus. Aktiviteten går vidare ut på å artikulere og lytte til seg sjølv – og dermed blir òg fleire læringsstilar involverte.

Kortare tekstar eignar seg absolutt best, elles kan aktiviteten fort opplevast som einsformig. Mumlememorering er rett nok ein overflatestrategi, men kan som så mykje anna tene til variasjon når det gjeld dei ulike leseoppdraga til elevane. Det er òg slik at jo større og meir bevisst erfaringsgrunnlag elevane har i forhold til (lese)strategiar, desto lettare vil dei sjølvstendig kunne velje ein formålstenleg strategi alt etter leseformål, teksttype eller læringsstil.

Publisert 15. sep. 2020 13:24 - Sist endret 12. okt. 2020 13:35