Klippedikt

Til denne aktiviteten treng ein tekstar av eit handterleg omfang, til dømes kortare poetiske tekstar (dikt, songar, rim eller liknande).

Framgangsmåte

Elevane jobbar i par, og kvart par får utdelt ein konvolutt med eit dikt som er klipt opp i bitar. Men det dreier seg ikkje om ei puslespeloppgåve, for her skal det jobbast på eit språkleg plan! Det er heller ei lesegåte, der elevane skal prøve seg fram og plassere bitane i ei rekkjefølgje som dei synest er logisk når det gjeld innhald (logisk hendingsgang, tematikk o.l.) og/ eller form (stor bokstav, teiknsetjing, ny linje osv.).

Til slutt samanliknar ein resultata til elevane med originalteksten. Her kan det vere like interessant å sjå på likskapar som på ulikskapar (= ”nye” tekstar som har oppstått).

Aktiviteten kan fungere som eit innleiande og bevisstgjerande arbeid med sjangertrekk, til dømes strofeinndeling som verkemiddel i dikt. Sjangerkunnskap er som kjent ein sentral del av leseforståinga sidan forventingane til ein tekst er avhengige av mellom anna sjangeren.

Publisert 14. sep. 2020 14:41 - Sist endret 12. okt. 2020 07:42