Dikt for to stemmer

Denne diktaktiviteten er ei form for høgtlesing – men med innleving og førebuing. Elevane arbeider i par, og med utgangspunkt i ein lyrisk tekst skal dei lese nokre linjer kvar for seg og nokre linjer saman.

Elevane samarbeider om leseforståinga og fungerer på den måten som leserettleiarar for kvarandre. Det at elevane er saman både om førebuinga (forståing + betoning) og framføringa, gjer dei tryggare i situasjonen.

Når ”lesearbeidet” blir fordelt og ein arbeider saman, blir oppgåva meir overkommeleg i eit framandspråkperspektiv. Aktiviteten passar derfor for elevar på lågare språknivå, men aktiviteten kan òg setjast inn for lesevariasjon (”kreativ” lesing) på høgare nivå i språkopplæringa.

Læraren (eller elevane) finn eit eigna dikt, til dømes eit dikt med kontrastar, og markerer kva delar elev A skal lese, kva elev B skal lese, og kva som skal lesast unisont av både elev A og B.

Publisert 14. sep. 2020 14:40 - Sist endret 12. okt. 2020 13:25