Dele- og stelerunde

Utgangspunktet for denne leseaktiviteten kan vere nesten kva teksttype som helst, men teksten bør vere av ei viss lengd. Organiser klassen i grupper og gi elevane i dei ulike gruppene nummer frå 1 til 4. Kvart gruppemedlem får utdelt ein erdedel av teksten og eit firedelt ark (A3/A4) med nummerering frå 1 til 4 i dei fire felta. Gruppemedlemma har eit individuelt ansvar for å lese sin eigen tekstdel og gjere notat til denne i rett felt. Alle med den same tekstdelen, altså alle einarar, toarar, trearar og firarar, finn så saman, diskuterer notata sine og kjem fram til ei felles forståing som dei skal bringe vidare til ei ny gruppe, som består av ein einar, ein toar, ein trear og ein firar. Gruppemedlemma deler informasjon med kvarandre, og resultatet er at alle har eit ferdigpusla notatark over det samla tekstinnhaldet.

Fordelen med å dele på ansvaret for tekstforståinga er at ikkje alle i første omgang må lese ein heil tekst på målspråket – leseoppdraget blir noko avgrensa. I den siste gruppesamansetjinga bidreg kvar enkelt med det dei har funne, og alle får til slutt ei oversikt over innhaldet i heile teksten. Elevane skal i fleire rundar dele kunnskapen sin med dei andre, noko som òg vil forsterke deira eiga læring.

Publisert 14. sep. 2020 14:39 - Sist endret 12. okt. 2020 13:25