Samvitsalléen/Samvittighetsalléen

Denne enkle dramaøvinga kan brukast som ein førlesingsaktivitet. Her skal elevane gi gode råd til ein person som skal gjere eit vanskeleg val og som står overfor eit dilemma.

Læraren presenterer situasjonen, ein case, som skal relaterast til eit tema i teksten som elevane skal lese. Ein person må gjere eit val basert på kanskje to hendingar som skjer på ein gong, der begge utvegane fører nokre ulemper med seg. Kva om nokon blir såra dersom eg vel det eine framfor det andre? Kva vil vennene mine tenkje om meg? Kva vil mamma og pappa seie? Kva er viktigast for meg?

Ein frivillig elev får spele personen som er i den vanskelege situasjonen. Dei andre i klassen får nokre minutt til å tenkje over kva råd dei vil gi han/henne. Så stiller alle seg opp i to rekkjer mot kvarandre, og personen med dilemmaet går sakte gjennom “alléen” mens han/ho lyttar til råda som dei andre kviskrar fram etter kvart som han/ho passerer dei. Ved enden av alleen snur han/ho og går same vegen tilbake og får dermed høyre råda ein gong til. Til slutt spør læraren kva personen har komme fram til, og kva råd som var avgjerande. Klassen kan så involverast i diskusjonen – ville dei ha gjort det same?

Øvinga kan brukast før elevane skal lese ein tekst, for å lede dei inn i tematikken samtidig som dei får høve til å sjå ei sak frå fleire sider. Skal elevane lese ein lengre tekst, til dømes ei novelle eller ein roman, kan øvinga brukast undervegs i lesinga òg. Då kan de stoppe opp der ein av karakterane står i ein valsituasjon. Eit tredje alternativ er å bruke samvitsalléen når teksten har ein open slutt – kva vil skje vidare?

Publisert 14. sep. 2020 14:11 - Sist endret 20. nov. 2020 07:48